tirsdag 14. september 2010

Las Vegas


Fontene-showet framfor Bellagio Hotel paa The Strip

I gaar ettermiddag ankom vi Las Vegas (LV). Denne etappa stod i stor kontrast mot turen ute ved kysten mellom SF og LA. Innover i landet vart det meir nakent - kaktus, stein, knausar, fjell og litt orken - for LV dukkar opp ut av ingenting. Det er ein heilt merkeleg by, og ingen logisk grunn til at det skal ligge noko slikt her ute i ingenmannsland. Hovudgata er Las Vegas Blrd, kalla The Strip. Her ligg hotell, casino, eksklusive designbutikkar og vanvittinge konstruksjonar tett; alt fraa imponerande bygningar til kopiar av Eiffeltaarnet og Triumsbuen, plassert nesten oppaa kvarandre. Utanfor stripa ser byen heilt oridnaer ut. Hotellet vaart er flott! Her er saa mange hotell og stor konkurrande, saa her faar ein mykje for pengane. I gaar kveld, etter ein gourmet-buffet som ikkje stod heilt til forventningane, rusla vi rundt i omraadet. Det forste vi saag var dei flotte fontenene utanfor Bellagio. Inne paa Bellagio Casion spelte vi litt rulett. Medan vi gambla med smaapeng, kom det folk til som kasta fleire hundre dollar paa bordet og tapte dei med eit smil. Paa veg tilbake til hotellet gjekk vi gjennom eit anna hotellcasinom, men fann ikkje vegen ut igjen... :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar