torsdag 9. september 2010

Big Sur




Paa tide med ei oppdatering igjen. Tirsdag var siste dagen vaar i San Francisco. Vi var paa fangeoya Alcatraz ute i SF bukta. Det var ein iskald, men interessant guida tur. Tilbake i byen henta vi baggasjen paa hotellet og leigebilen paa flyplassen. Vi booka ein Jeep Wrangler Cabriolet. Paa ettermiddagen starta vi paa turen nedover kysten mot Los Angeles (LA). Det er berre nydeleg her! I Monterey overnatta vi paa eit motell i utkanten av byen.

I gaar starta vi dagen med ein ekte amerikansk frukost; blaabaerpannekaker og omelett. Koyreturen starta langs Monterey kysten, vidare paa "17 mile drive" til den lille byen Carmel. Utruleg flott landskap, sypresstre, flotte fargar, skog, yrande dyreliv, lange strender, eine bukta etter den andre og bratte klipper som gaar rett ned i havet. Ei av dei flottaste smaa buktene var den vi har bilete av ovanfor. Den er stengt av for folk, men ein kan sjaa den fraa smaa stiar langs dei bratte klippane ovanfor. Det gaar eit 25 meter hogt fossefall rett ned paa stranda. Fantastisk! Det siste vi saag for vi tok inn paa hotell i San Simeon for natta var eit fyrtaarn i solnedgangen og ei strand full med selar.

I dag skal vi paa Hearst Castle, eit par andre smaastopp nedover kysten for vi haapar og naa Santa Barbara i ettermiddag. Fredag er planen aa koyre siste korte biten til LA. Og kanskje vi rekk aa faa med oss seriestart i den amerikanske fotballigaen i dag. Who Dat! Maa Saints vinne! :)

1 kommentar:

  1. So utrulig flott! Ser ut som dåkke he en fantastisk tur, og kjekt å få følge med på bloggen. Kos dåkke vidare :-)

    SvarSlett