onsdag 31. mars 2010

Wednesday at the Square!

Wednesday at the Square! Stian, pappa og eg kosar oss på Lafayette Square. Det er gratiskonsert her kvar onsdag i ei periode framover. Om ei lita stund skal vi bevege oss bortover mot New Orleans Arena for å sjå basketballkamp. New Orleans Hornets mot Chicago Wizards. Tidlegare i dag har eg jobba litt, pappa har gått tur og Stian har sove. Vi har også vore på lunsj på kirka og sola oss ved bassenget.

søndag 28. mars 2010

Graut. Biff. Aafk-frukost. Bacalao.

I går var vi på kirka og åt graut og sola oss ved bassenget. Ingen våga ta seg eit bad, vatnet er så kaldt enno! Kjekt at vi var så mange; Joar, Mette, Kai, Eivind, Andreas og Joar dukka også opp. På kvelden tok vi turen ned i French Quarter, åt biff til middag og rusla oppover Bourbon St og såg på galskapen. Etter vi hadde lagt pappa, så gjekk Stian, Erlend og eg på King Pin og spelte dart og shuffleboard. Det vart seint, eller tidleg, alt etter korleis ein ser det. Vi vart vekt i ti-tida i dag av pappa som purra og etterlyste fotballkampen på tv. -Klokka er straks 11! Han hadde stilt klokka ein time fram, slik som ein skal heime i Noreg. På denne sida av dammen stilte vi klokka for to eller tre veker sidan. Då vart det litt feil. Etter å ha oppklart misforståinga kosa vi oss med god frukost og Aafk-kamp. Surt med mål i mot på slutten, men kan ikkje påstå at siger hadde vore fortjent... No har vi nytt ein nydeleg bacalao (norsk klippfisk som kom i posten frå Anne og Jan før jul ein gong - takk!) og jordbær med is til dessert. Nam! Lillian kom og åt i lag med oss og Stian underheldt med ei fantastisk morosam historie om blandt anna ein dverg med bøsse på badet. Artig kveld!

Sump-tur fredag 26/3

Fredag denne veka var pappa, Stian, Lillian og eg på sump-tur med Airboat Adventures. Det var flott ver og vi hadde ein fin tur inn i sumpen. Guiden vår fortalte om dei ulike områda vi freste gjennom, snakka om slangebitt, piratar og indianerar. Vi såg ein stor aligator og fleire små. Eit stort problem for Lousiana er at sumplandskapet sakte forsvinn. Dei jobbar no med å stoppe det. Sumpen fungerar som eit naturleg vern for New Orleans mot orkanar. Med store sumpområder tapt for alltid, så er New Orleans, som allereie er svært utsatt for orkanar og flom, ekstra sårbar. Dyrelivet og vegetasjonen i sumpen er også truga. Etter turen fekk vi halde nokre baby-aligatorar. Innbillte meg at dei skulle vere kalde, sleipe og harde, men det var dei ikkje. Varme og mjuke, var ikkje så ekle som eg hadde trudd!

Bilete frå Austin og SXSW

lørdag 27. mars 2010

Pappa og Stian paa besok! Dei kom mandag

Pappa og Stian paa besok! Dei kom mandag ved midnatt. Vi har vore paa sightseeing i byen og baattur i sumpen. I dag har vi akkurat ete graut paa kirka og no slappar vi av ved bassenget. 20 grader og sol - herleg!:-)

mandag 22. mars 2010

Nina og Ivar skal gifte seg 19/6 - vi gr

Nina og Ivar skal gifte seg 19/6 - vi gratulerar! Fekk innbydelse og kvar sin sjokolade i posten i dag. Tusen takk! Vi nyt Stratos og ein kopp kaffi til dessert. Det er berre timar til pappa og Stian landar i NOLA. Gler oss!

lørdag 20. mars 2010

Ein finn alltid noko paa Ikea! ;-) Eg fe

Ein finn alltid noko paa Ikea! ;-) Eg fekk handla nesten alt paa Liselott si liste og noko til meg sjolv og. Salte lakrisfiskar til Erlend! :-) No er vi klare for siste dag gv SXSW!

Frukost paa Ikea! Det er kaldt og vindfu

Frukost paa Ikea! Det er kaldt og vindfullt ute - perfekt aa ta ein tur paa Ikea. Ej skal ikkje ha mykje, men endar nok opp med ein del uansett, slik er det med Ikea.:-) Har heldigvis handleliste fraa Liselott, som kanskje gjer at eg ikkje plukkar med saa mykje til meg sjolv... Etter Ikea skal vi paa Sondre Lerche, BigBang og andre konsertar med band vi ikkje har haurt om for. Hogdepunkta i gaar var konsertane med Muse og Timbuktu.

fredag 19. mars 2010

The Belmont! I dag satte vi ikkje paa ve

The Belmont! I dag satte vi ikkje paa vekkerklokka og dilla lenge for vi kom oss ut fraa hotellet. Det var ein lang dag i gaar. Vi starta i Lousiana-teltet etter passa vaare var i boks, rusla opp og ned S Congress St, aat is (mintis med sjokoladebitar sjolsagt!), tok ei kald ei i sola, kika i artige butikkar, haure paa musikk og paa kvelden sprang vi fraa konsert til konsert. Fekk blandt anna med oss Stone Temple Pilots og Broken Social Scene, eit band eg ikkje har haurt om for, men som var bra. Vi berre viftar med passet og vips er vi fremst i koa! Det er litt herleg og klysete paa samme tid... ;-) No set vi paa ei takterasse, nyt eit glas kvitvin og hoyrer paa live musikk. I kveld staar Timbuktu, Pirate Love, Muse og fleire andre paa programmet.

torsdag 18. mars 2010

Festivalpass! :-D Vi har vore i byen i c

Festivalpass! :-D Vi har vore i byen i ca 3 timar og eg kan ikkje sei anna enn at byen er suuuper!

FW:

Sola skin, turen har gaatt super radig, vi er straks i Austin og det ligg an til ei helg stappa med gode musikkopplevingar. Life is good! ;-)

Tisse- og kaffipause. Sjaafor Lillian me

Tisse- og kaffipause. Sjaafor Lillian med ein Starbucks-kaffi og Forden. Berre ein halv time fraa Austin! Vi skal rett til Convention Center for aa registrere oss og faa festivalpassa vaare. Daa er vi klare for konsertar - jippi!:-)

God morgen! Ein fin start paa dagen; kaf

God morgen! Ein fin start paa dagen; kaffi paa senga! Lillian var forst oppe i dag, dusja og satte paa kaffi. Takk! Vi har ca 2,5 timar igjen aa koyre til Austin.

onsdag 17. mars 2010

Roadtrip til Austin! Etter ein litt unod

Roadtrip til Austin! Etter ein litt unodvendig treig start er vi no paa veg. Maalet er Austin og musikkfestivalen South By South West (SXSW). Lillian har gjennom gode kontakter skaffa oss sponsorpass til festivalen (fruktkorg til Josef)! Dvs gratis inngang paa alle arrangement utan aa staa i ko. Vi gler oss! Men forst ventar ein 9 timar lang biltur. Forste etappe gjer vi unna i dag, slik vi satsar paa aa vere framme i morgo formiddag.

mandag 15. mars 2010

Nokre bilete frå Miami og Key West

Her kjem nokre bilete frå turen vi hadde til Miami og Key West:




Audoboun Park - picnic i parken med Lill

Audoboun Park - picnic i parken med Lillian. Deilig!

søndag 14. mars 2010

Heime i NO! Og middag med Hanna. And i k

Heime i NO! Og middag med Hanna. And i kylling i kalkun! Turducken. Mmm!

Daa var turen over. Vi har levert leigeb

Daa var turen over. Vi har levert leigebilen og er strax paa flytplassen. I gaar vart det ikkje blogga fordi eg gloymte mobilen min paa hotellet. Vi var ute heile dagen. Miami er ein enorm by! Var vanskeleg aa faa oversikt og vi hadde berre ein dag, saa vi heldt oss til Miami Beach. Likte Art Deco husa og stranda, men maa nok innromme at forventningane overgjekk opplevinga. Har sett finare byar og flottare strender. Men for all del, vi hadde ein fin dag! Rusla rundt, god lunsj, slappa av paa stranda, litt shopping avslutta med middag.:-) No ser vi fram til middag med Hanna i kveld!

fredag 12. mars 2010

Har eg sagt at eg eeelskar mintis med sj

Har eg sagt at eg eeelskar mintis med sjokoladebitar i!? Favorittis nr to; mango sorbet. Ikkje ekkel den heller! :-) Vi nyt is paa bryggekanten...

Key West. I gaar kom vi fram i femtida.

Key West. I gaar kom vi fram i femtida. Bilturen gjekk brillefint. Etter vi fekk innstalert oss paa hotellet, tok vi ein biltur i gamlebyen. Guideboka (som eg fekk med Kjersti - takk!) Lonely Planet for USA har komt godt med. Dei har gode tips som vi er svaert nogde med aa folge til no. Aat ein nyyydeleg middag paa Cafe Sole; liten, koseleg, fransk restaurant. Etterpaa rusla vi ei runde i sentrum. Her er mange college-kids som ravar fulle rundt i gatene. Det er Sping brake; ferie for studentar for siste innsats og eksamenar. Vi vart der i mot ikkje gamle i gaar kveld. I dag har vi vore ved det sorlegaste punktet paa KW (som eigentleg ikkje er det sorlegaste punktet paa oya alikevel) og tatt biletet vaart. Saa har vi leigd kajakkar, og padla i ca to timar. No er vi straks i gamlebyen. Skal rusle litt rundt her, ete middag, eg vil ha is, kanskje vedde paa skilpadde-lop for vi set kursen for Miami. Blir nok ikkje saa mykje eldre i kveld heller... Vi har det supert!:-) God helg til alle der heime!

torsdag 11. mars 2010

Havet! Mil etter mil med bruer, smaa oye

Havet! Mil etter mil med bruer, smaa oyer og hav paa alle kantar. Vi har under ein time att av bilturen, som har gaatt overraskande radig. Vi koyrer no gjennom National Key Deer Refuge - ein park for utrydningstruga hjort paa storrelse med ein stor hund. Saag ein av dei i sta. Nusseleg liten bambi! Lengre framme ser himmelen graa ut, so det ser ut til at vi koyrer inn i regnveret som var meldt for i dag og i morgo. Vi kryssar fingrane for at det blir med ei byge!:-)

Det vart ein Ford Escape... :-)

Det vart ein Ford Escape... :-)

Jeep? Erlend kunne onske det var denne v

Jeep? Erlend kunne onske det var denne vi skulle koyre nedover The Keys med!:-)

Eller denne - Camaro.

Eller denne - Camaro.

Leigebil! Daa har eg landa i Miami. Erle

Leigebil! Daa har eg landa i Miami. Erlend motte meg paa flyplassen, og no hentar vi leigebilen vaar hos Avis. Vi har ein 4 timar lang koyretur framfor oss for vi naar Key West - sorlegaste punktet i USA.

onsdag 10. mars 2010

Kofferten er pakka og turen gaar til...

Kofferten er pakka og turen gaar til... Miami! Eg gler meg superdupermasse til aa sjaa Erlend igjen. God helg! :-D

tirsdag 9. mars 2010

Parles tu francais? No....

18-19:45 i kveld hadde eg første klassa mi med fransk på Alliance Francaise. Dvs vi starta først nærmare 18:30, då læraren dukka opp - alt som det skal vere etter Lousiana-time (ja, haha, eg veit, det passar meg eigentleg fint....). :) Det var noko ustrukturert over det heile, og i starten kom eg kun på; je mappelle Linda, eh.., eh.., hehe... + ein del spansk. Heldigvis så kom meir og meir av fransken tilbake ettersom vi fekk litt drahjelp frå læraren, og ho noterte det vi sa (forsøkte å seie) på tavla. Men eg innser at eg ikkje eig ordforråd, så her må det ein liten innsats til skal eg få utbytte av kurset. Tilbake på scratch og pugge ord, spesielt verb. Etter det eg kan huske er det eit utal med uregelrette verb i fransk (uff, uff). Nei, her er det berre å børste støv av dei små grå, finne fram post-it-lappane og pugge! Ønsk meg lykke til! :)

Bilda nedanfor har ingenting med fransk kurs å gjere. Eg fann ein liten pakke på døra då eg kom heim etter kurset. Har bestilt tape på nettet frå http://www.thetintedmint.com/ med fargar og mønster til å bruke i fotoalbum, på kort, til innpakking ol. Det var så sirlig og fint innpakka i silkepapir med ei lita sløyfe rundt og kvar taperull låg i ein eigen liten pose. :) Det er dårleg lys her, og eg tek bilde med mobilen, så fargane kom dårleg fram; brun med skrift, turkis, grå med mønster, lilla og lime. Fine synest eg!


Må også nevne at Stian hadde bursdag på laurdag!! Han vart 24 år, men er forsatt den vesle lillebroren min for det. Gla i deg, bror! Gler oss til du og pappa kjem på besøk - berre ca to veker til!! :)

mandag 8. mars 2010

Finfin Kvinnedag

Måndag er ikkje lengre den dagen i veka eg mislikar mest. Lillian har fri kvar måndag, og vi finn ofte på noko kjekt i lag desse dagane. Tidlegare i dag tok vi pedikyr/manikyr, shoppa litt, åt lunsj og avslutta med is og kaffi på Mag St. Herleg dag! Tenkte vi måtte feire Kvinnedagen! ;) Gratulerer med dagen alle saman! :)
Etter at eg kom heim, fekk eg endeleg satt saman Ikea komoden (Malm) som Liselott og Anders kjøpte til oss for ei god stund sidan. Skal bli greit å få litt bedre plass. Så no skal eg igong med å omorganisere kleskap og den andre komoden vi har frå før.
Det er berre tre dagar til eg reiser til Miami og får sjå Erlend igjen. Gler meg, gler meg, gler meg (sjølv om eg må opp kl 04.00 og det er meldt regn og torever tors-/fredag...)!!!


lørdag 6. mars 2010

FW:

Mag St.

FW:

Utepils i sola i NOLA!

FW:

Eeeelska mintis med sjokoladebitar!! :-D

torsdag 4. mars 2010

Academy Sports

Har nettopp komt att frå handletur på ein sportsbutikk på West Bank. Skulle eigentleg berre ha eit par nye joggesko, men så kom eg over nokre salgsstativ... For kr 1 400 har eg fått ei treningsbukse, to hettejakker, to dry fit genserar og ei t-skjorte og sko. Vart samme sko som mamma fekk til jul og som Lillian også kjøpte seg for ikkje så lenge sidan. Dei er berre så gode å gå i!

tirsdag 2. mars 2010

Taco! :-D

OL-inspirert taco-grønt. :) Liselott (fotograf), Lillian og Mette kom på taco-middag til meg i dag. Kjempekoseleg! Takk for ein fin kveld. Heldigvis så er det nok til restekveldsmat med meg i morgon. Sett pris på at Lillian og Mette ofra seg og kjem for å hjelpe til med og ete opp! Kanskje vi skal ha forening kvar tirsdag? ;)

mandag 1. mars 2010

Øspøsregnver i NOLA!

Det er ikkje mykje som minner om den flotte vårdagen vi hadde i går; Liselott, Mette og eg rusla ned på Magazine Street, kjøpte is og kaffi og nytte det ute i sola. No styrtregnar og bles det så kraftig ute at det lek vatn inn under døra og utover golvet vårt. Eg har akkurat vore ute ein tur for å sjå etter Jetta'en. Eg parkerte den ein stad der eg vanlegvis ikkje står, så eg måtte ut for å sjå om det var mykje vatn i gata. Her kjem ofte mykje regn på ein gong, er paddeflatt, det er ikkje alltid pumpene klarer ta unna alt vatnet, og vi får lokale oversvømmingar. Jettaen stod fint, men berre for å sleppe og attlete, er den no flytta til ei "trygg" gate. Parkeringsplassen vår inne på leilegheitsområdet ligg heldigvis høgre enn gata, så Porscha står også trygt (slapp av, Erlend!). Eg vil ikkje ha skulda for å ha ein bil full i vatn, når eg allereie er på tynn is på bil-fronten... ;) Pappa; kan du pakke med regnjakka mi og støvlane mine når du kjem på besøk? :)