lørdag 6. februar 2010

Husmor har laga Who Dat kake!

Må skryte av Lillian sine kaker. Fekk dessverre ikkje smakt dei, då vi var tidleg på plass nede i French Quarter for å ta inn stemninga før den store kampen. Det var ein fantastisk opplevelse!!

Husmor har laga Who Dat kake!

fredag 5. februar 2010

Litt Mardi Gras pynt



Har pynta litt til Mardi Gras i dag; beads, girlander og blomster. Det er så langt eg vil strekke meg. Foreløpig. Det er rart med det, men etter å ha vore her i snart eit år, så kjenner eg at smaken min har endre seg ein smule. Det som tidlegare var glorete og kanskje litt småharry, er no vanleg.... Heime kunne eg aldri dekorert på denne måten. Kanskje det er derfor eg likar det? For å vere ærleg, så ser min balkong nokså stusseleg ut samanlikna med dei andre som har dekorert for karneval-sesongen... Less is less, må vere mottoet mange går etter når dei pyntar husa sine her nede. I løpet av helga håper eg at vi har sanka litt fleire beads og då skal dei få hedersplass på balkongen i lag med mi pittelille samling så langt. Det er fleire paradar som går forbi her vi bor. Og etter å ha fått første kjedet rundt halsen, er ein hekta. Erlend kjem heim i morgo og vi skal på parader og Sondre Lerche konsert. Søndag er det duka for Super Bowl! Who dat!! God helg! :) PS; må helse spesielt til Silje, Kåre og Jakob i dag. Fekk slik ein fin SMS tidlegare i dag.

onsdag 3. februar 2010

Salat med tunfisk

Måtte berre ta bilde av middag- og kveldsmaten min; salat med tunfisk, egg og fetaost. Kjempegodt (og sunt)! Vart inspirert av alt det fine eg fekk i pakken med Kristine, så eg har laga eit album i dag. Det skal vere ei gåve, så bilde må eg vente med å legge ut enn so lenge. Kl 22 skal vi spele fotballkamp. Kanskje vi vinn i kveld?! Var nær sist... :) I morgo skal Erlend ringe og fortelle kor tid han kjem heim. Håpar, håpar at det bli til denne helga. Sondre Lerche speler konsert i byen laurdag, og søndag er det duka for Super Bowl (NRK sender kampen). Gler meg til helga!!

Pakke i posten! Hurra! :)


Vart så glad då eg henta posten i dag - pakke frå Kristine! Jipp! Ho har sendt utruleg mykje fint stæsj som eg kan bruke til å lage kort eller fotoalbum med; masse ark med fine mønster, ulike stempel, "diamanta", eit koseleg julekort til inspirasjon.... Dei flotte papira har ho designa sjølv! Pakken skulle eigentleg komt fram før jul, slik vi kunne ha den til juleverkstaden vår, men postmannen vår meinte at eg ikkje budde her lengre, og sendte pakken tilbake til Mundheim. Heldigvis så ville Kristine gjere eit forsøk til, og i dag dumpa den ned i postkassa vår. Tusen, tusen takk, snille Kristine!! :) Sjå kor mykje fint eg har fått;

Arka på bildet nedanfor har Kristine laga sjølv, og dei er å få kjøpt i hobbybutikkar i tida framover. Imponerande!

tirsdag 2. februar 2010

Krewe du Vieux

Laurdag 30.januar gjekk Krewe du Vieux-paraden gjennom nedre del av French Quarter. Mi første karnevalparade - det var litt av eit liv! Denne er noko politisk ukorrekt, med mange sleivspark til ulike offentlege personar eller hendingar som har vore mykje omtalt i media i det siste, feks Continental Airlines-bombeforsøket og mayor Nagin (ordføraren i byen). Det blir lagt ned mykje tid og peng på dei andre store paradeflåtane, som er barnevennlege og svært for seg gjorte. Dei er kun for medlemmar av dei ulike Krewe'a (flåtene/laga) og for spesielt inviterte. Derfor arrangerast Krewe du Vieux som eit alternativ til desse og er åpen for alle. Det er den einaste paraden som går gjennom delar av French Quarter og kostymer/rekvisitaer er heimelaga/-snekra. Etter å ha fått første kjedet vart eg litt hekta. Gler meg til dei andre paradane. Nokre går rett forbi huset vårt, så dei kan eg umulig gå glipp av. Gatene blir stengt av og det vil ikkje vere så greit å komme seg rundt omkring i byen neste veke. Eg lovde å legge ut litt bilde frå laurdagskvelden, og her er nokre knips;

Picnic på the Fly


Bær og mango, hummus, salte kjeks, salat, mørsk sjokolade og eit glas kvitvin. Lillian og eg handla litt godsaker på Wholefoods og hadde picnic i parken i ettermiddag. Vi rakk akkurat å nyte maten før sola sakte gjekk ned på andre sida av elva. Nydeleg! Men då vart det fort kaldt, og vi inviterte oss sjølve på te til Mette. Der satte vi opp ei liste over ting vi vil ha med oss framover; konsert med Sondre Lerche, Super Bowl (går på NRK søndag 7.feb), Mardi Gras parader, kunstmuseumet, Rock'n Roll maraton (for å heie på!), brudeshow, hobbykveld osv. Kjekt å ha så mykje moro å sjå fram til! :)

søndag 31. januar 2010

Koseleg søndag

Mudbugs (med seks utespelera) 5 - Oransj-lag (10 utespelera) 1. Spelte kamp på damelaget i dag. På veg til kamp klarte eg og køyre meg litt vill. Kampen vår vart flytta til eit spelefelt som eg ikkje har vore på før. Eg var på rett veg, men så ville GPS'en ha meg i andre retninga og når vegen framfor meg var stengt for trafikk etter ei lita bru, så tenkte eg at det var logisk. Det var det ikkje. Etter at eg innsåg at eg var heilt på villspor, og etter å ha spurt ein fyllik om vegen tilbake (noko som ikkje var særleg til hjelp, då han ikkje var heilt sikker på kor han sjølv befann seg), og etter litt veiledning på mobilen så kom eg berre 10 min for seint til kampen. Vi hadde for lite spelera, men vann enkelt over eit lite godt lag i oransje drakter som eg ikkje huska namnet på. Resten av dagen har gått med til middag med Lillian, kaffi med Mette, henting av Liselott på flyplassen og kino. Vi såg Invictus (bra film) på Prytania Theatre; ein utruleg koseleg kino med berre ein sal utført i gammal stil. Introen til alle filmane startar med ei fin lita vise; "Let's all go to the lobby, let's all go to the lobby, let's all go to the lobby to get ourselves a treat".
Sjå bilde;

lørdag 30. januar 2010

VW

Kom over dette herlege bilde på ein blogg er var innom (http://frecklednest.blogspot.com/) og måtte berre ha det på bloggen min. Draumen er å køyre Highway1 med ein folkevognsbuss. Men Erlend er ikkje heilt med på den ideén. Enda.... ;) Skal snart på kirka å ete graut, so er det fotballkamp og etter det må eg forte meg heim for å komme meg ned til byen til Krewe du Vieux-paraden i kveld. Trur det blir arig! Ha en fin laurdag :)


fredag 29. januar 2010

Salvation Studio


Lillian og eg har meldt oss inn i Salvation Studio. Det høyres ut som, eg veit ikkje heilt... Ei sekt? Salvation... Jaja, men det er eit treningsstudio. Typisk amerikansk og utstyre oss med ein "information package" med mykje papir og meir eller mindre (u)nyttig informasjon. I går var eg på første timen; BodyCombat - boksing og sparking - kjempegøy! Ikkje like artig og vakne opp i dag tidleg og kjenne at kroppen protestera på slik behandling. Lenge sidan sist eg hadde anna form for trening enn jogging og fotball. Neste veke skal vi på BodyPump og løfte vekter = meir gongesperre... Men det blir bedre. Snart, håper eg! :) Onsdag spelte vi kamp og denne gong tapte vi berre med eit mål! Godt fornøgd med ikkje å tape 0-7 igjen, men samtidig litt surt (er ein dårleg taper) for vi skulle ha vunne...

Erlend ringte i går! Han veit i slutten av veka om han kjem heim snart eller om han blir i Brasil enda lengre. Det er avhenging av når båtane kjem inn til kai. Eg håper sjølvsagt at han snart skal komme heim, men vi får sjå. Så kjekt om han hadde komt att til siste helga før Mardi Gras (tirsdag 16.feb)!

I morgon går den første paraden under karnevalsesongen av stabelen nede i Bourbon Street. Det er den einaste paraden som er åpen for alle som ikkje har råd eller av anna grunn ikkje har plass i dei andre offisielle flåtene. Denne er visst meir av den tvilsomme sorten med alt som er politisk ukorrekt som tema. Samtidig seier folk at det er denne som er den mest morosame. Skal prøve å få lagt ut nokre bilder i løpet av helga. God helg til alle dykk der heime!! :)

tirsdag 26. januar 2010

Sushi på Kyoto

Eg har lite nytt og melde etter den o store dagen søndag. I går var vi litt sletne etter å ha feira at The Saints kom seg til Super Bowl. Eg og Lillian gjekk ein lang tur på Magazine Street og kika litt i butikkar og åt taco på Juan's Flying Burrito (alltid godt), før vi for på kino; Up in the air, som var artig. I dag har eg rydda og vaska - det trengtes! Har også jogga i parken i lag med Liselott og Lillian. Kjem akkurat heim frå sushi-middag med Lillian. I morgon skal eg kanskje jobbe som frivillig for Habitat. Det er ein organisasjon som bygg opp igjen hus etter Kathrina. Skal legge tak.... Ja, ja, det kan bli ei utfordring! :)

mandag 25. januar 2010

Kristine sine papir!

Mi gode venninne Kristine er ei kreativ snelle frå Bergen som likar å fotografere og lage kort. Ho har eit hobbyrom til misunnelse. Ho er alltid behjelpeleg og til inspirasjon for sånne litt mindre kreative sjeler som meg sjølv. Vi vart kjent då vi gjekk på høgskulen i Ålesund, og haldt kontakta etter at ho flytta tilbake til mannen sin, Sveinung, og pus på Mundheim utanfor Bergen. Eg set stor pris på vennskapet vårt. Snufs! Uff, no vart eg så sentimental her. Til poenget; ho har ein fin blogg; http://kristineskort.blogspot.com/. Sjekk den ut! Ho har ein blog candy pågåande, og premien er ein bunke med nokre lekre ark som ho har designa sjølv! Eg er så imponert. Papira blir å få kjøpt i hobbybutikkar framover. Eg har meldt meg på i håp om å bli den heldige uttrekte, sjølv om eg i kveld fekk ein e-post frå Kristine der ho fortel at ho sender meg ein pakke med papira hennar og anna digg. Tusen takk! :)

Super Bowl, baby!! :)


New Orleans Saints vann i går over Minnesota Vikings og er for første gong i historia i Super Bowl. Det var litt av ein opplevelse!! Første gongen eg såg ein heil kamp med amerikansk fotball fenga det ikkje noko særleg, det var eigentleg frykteleg kjedeleg. Det har endra seg. Etter å ha lært grunnleggande reglar og komt inn i kamprituala (veldig mykje high five og roping), er vi frelst. Kampen var nervepirrande frå start til slutt! Stillinga var 28-28 og the Saints avgjorde først på overtid med eit field goal, og det enda 31-28 til Saints. Medan kampen pågjekk var det nesten folketomt i gatene. Då det var klart at Saints hadde vunne, eksploderte det. Heile byen kokte, og det frå kvart eit hus velta det ut med jublande fans. Lillian, Joar og eg tok sykkelen til Joar og kom oss heldigvis heilskinna down town for å sjå på folkelivet. Det var heilt kaos nede i byen; trafikken stod stille, alle tuta, hang ut av bilvindauga og sang; Who dat, who dat, who dat say dem gonna beat dem Saints! Då vi kom oss ned til Bourbon St var det pakka med folk i gatene. Vi måtte brøyte oss fram. Galskap! Tenk om Saints vinn Super Bowl!? :)