fredag 29. januar 2010

Salvation Studio


Lillian og eg har meldt oss inn i Salvation Studio. Det høyres ut som, eg veit ikkje heilt... Ei sekt? Salvation... Jaja, men det er eit treningsstudio. Typisk amerikansk og utstyre oss med ein "information package" med mykje papir og meir eller mindre (u)nyttig informasjon. I går var eg på første timen; BodyCombat - boksing og sparking - kjempegøy! Ikkje like artig og vakne opp i dag tidleg og kjenne at kroppen protestera på slik behandling. Lenge sidan sist eg hadde anna form for trening enn jogging og fotball. Neste veke skal vi på BodyPump og løfte vekter = meir gongesperre... Men det blir bedre. Snart, håper eg! :) Onsdag spelte vi kamp og denne gong tapte vi berre med eit mål! Godt fornøgd med ikkje å tape 0-7 igjen, men samtidig litt surt (er ein dårleg taper) for vi skulle ha vunne...

Erlend ringte i går! Han veit i slutten av veka om han kjem heim snart eller om han blir i Brasil enda lengre. Det er avhenging av når båtane kjem inn til kai. Eg håper sjølvsagt at han snart skal komme heim, men vi får sjå. Så kjekt om han hadde komt att til siste helga før Mardi Gras (tirsdag 16.feb)!

I morgon går den første paraden under karnevalsesongen av stabelen nede i Bourbon Street. Det er den einaste paraden som er åpen for alle som ikkje har råd eller av anna grunn ikkje har plass i dei andre offisielle flåtene. Denne er visst meir av den tvilsomme sorten med alt som er politisk ukorrekt som tema. Samtidig seier folk at det er denne som er den mest morosame. Skal prøve å få lagt ut nokre bilder i løpet av helga. God helg til alle dykk der heime!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar