mandag 25. januar 2010

Super Bowl, baby!! :)


New Orleans Saints vann i går over Minnesota Vikings og er for første gong i historia i Super Bowl. Det var litt av ein opplevelse!! Første gongen eg såg ein heil kamp med amerikansk fotball fenga det ikkje noko særleg, det var eigentleg frykteleg kjedeleg. Det har endra seg. Etter å ha lært grunnleggande reglar og komt inn i kamprituala (veldig mykje high five og roping), er vi frelst. Kampen var nervepirrande frå start til slutt! Stillinga var 28-28 og the Saints avgjorde først på overtid med eit field goal, og det enda 31-28 til Saints. Medan kampen pågjekk var det nesten folketomt i gatene. Då det var klart at Saints hadde vunne, eksploderte det. Heile byen kokte, og det frå kvart eit hus velta det ut med jublande fans. Lillian, Joar og eg tok sykkelen til Joar og kom oss heldigvis heilskinna down town for å sjå på folkelivet. Det var heilt kaos nede i byen; trafikken stod stille, alle tuta, hang ut av bilvindauga og sang; Who dat, who dat, who dat say dem gonna beat dem Saints! Då vi kom oss ned til Bourbon St var det pakka med folk i gatene. Vi måtte brøyte oss fram. Galskap! Tenk om Saints vinn Super Bowl!? :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar