søndag 31. januar 2010

Koseleg søndag

Mudbugs (med seks utespelera) 5 - Oransj-lag (10 utespelera) 1. Spelte kamp på damelaget i dag. På veg til kamp klarte eg og køyre meg litt vill. Kampen vår vart flytta til eit spelefelt som eg ikkje har vore på før. Eg var på rett veg, men så ville GPS'en ha meg i andre retninga og når vegen framfor meg var stengt for trafikk etter ei lita bru, så tenkte eg at det var logisk. Det var det ikkje. Etter at eg innsåg at eg var heilt på villspor, og etter å ha spurt ein fyllik om vegen tilbake (noko som ikkje var særleg til hjelp, då han ikkje var heilt sikker på kor han sjølv befann seg), og etter litt veiledning på mobilen så kom eg berre 10 min for seint til kampen. Vi hadde for lite spelera, men vann enkelt over eit lite godt lag i oransje drakter som eg ikkje huska namnet på. Resten av dagen har gått med til middag med Lillian, kaffi med Mette, henting av Liselott på flyplassen og kino. Vi såg Invictus (bra film) på Prytania Theatre; ein utruleg koseleg kino med berre ein sal utført i gammal stil. Introen til alle filmane startar med ei fin lita vise; "Let's all go to the lobby, let's all go to the lobby, let's all go to the lobby to get ourselves a treat".
Sjå bilde;

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar