tirsdag 2. februar 2010

Krewe du Vieux

Laurdag 30.januar gjekk Krewe du Vieux-paraden gjennom nedre del av French Quarter. Mi første karnevalparade - det var litt av eit liv! Denne er noko politisk ukorrekt, med mange sleivspark til ulike offentlege personar eller hendingar som har vore mykje omtalt i media i det siste, feks Continental Airlines-bombeforsøket og mayor Nagin (ordføraren i byen). Det blir lagt ned mykje tid og peng på dei andre store paradeflåtane, som er barnevennlege og svært for seg gjorte. Dei er kun for medlemmar av dei ulike Krewe'a (flåtene/laga) og for spesielt inviterte. Derfor arrangerast Krewe du Vieux som eit alternativ til desse og er åpen for alle. Det er den einaste paraden som går gjennom delar av French Quarter og kostymer/rekvisitaer er heimelaga/-snekra. Etter å ha fått første kjedet vart eg litt hekta. Gler meg til dei andre paradane. Nokre går rett forbi huset vårt, så dei kan eg umulig gå glipp av. Gatene blir stengt av og det vil ikkje vere så greit å komme seg rundt omkring i byen neste veke. Eg lovde å legge ut litt bilde frå laurdagskvelden, og her er nokre knips;

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar