
søndag 4. juli 2010
BBQ og VM-frukost

onsdag 30. juni 2010
Bedre seint enn aldri...
mandag 28. juni 2010
Biltur til Memphis, Tennessee!
Laurdag var vi innom Delta Blues Museum. Det første vi såg då vi kom inn var ein vimpel frå Notodden som stod på disken. Museumet var ikkje så stort, men det var fint laga til. Artig å sjå at "Razorblade" og "Super Chikan", som vi såg på Ground Zero kvelden før, hadde fått plass i utstillinga. Etter museumsbesøket starta vi på siste etappe til Memphis, berre 1,5 time i bil. Vi for rett til Graceland for å besøke Elvis. Men først måtte vi ha påfyll, og då vart det sjølvsagt burger og milkshake i ein 50-talls diner. Vi vart bussa dei 100 meterane over vegen frå museumsbygget og opp til Graceland med høyretelefonar på hovudet i ekte amerikansk turiststil. Inne i huset fekk vi bevege oss som vi ville, og kunne stoppe og starte guiden i høyretelefonane våre som vi ville. Det er litt av eit hus - som eit museum i 70-tals stil med spygrønt rufseteppe og innendørs vassfall på stoveveggane, speil på veggar og i tak i trappa ned til kjellaren, tv-rom i gult og blått, tak trekt i fargerikt, mønstra stoff osv. Herleg! På baksida av huset ligg heile familiem Presley begravd. Vi var også innom bil- og flyutstillinga, men då var det nok Elvis på ein dag. Etter kvar utstilling vart ein geleida innom ei souvenirsjappe. Du kan tydelegvis innreie eit heilt hus med Elvis-effekta og kle deg i Elvis-kle frå topp til tå; Elvis-pute og dynetrekk, Elvis-kaffikopp, Elvis-broderi, Elvis-julekule, Elvis-truse, Elvis-slips osv. Vi nøya oss med ein kopp og postkort, og ei lita gåve til bror.5 år i Rolls-Royce!

lørdag 19. juni 2010
Grilla østers på Atchafalaya
fredag 18. juni 2010
Cathrine Holm skåler
torsdag 17. juni 2010
mandag 14. juni 2010
Svipptur til Alabama
Erlend kom heim natt til mandag forrige veke. Godt å ha han heime igjen!! Denne veka har gått fort. Ei kort oppsummering; god middag på Cote Sud for å feire at Reisande Mac var heime igjen, fotball, franskkurs, jobb, grilling, filmkveldar, soling og bading. Laurdag tok vi ein køyretur til Point Clear i Alabama. Liselott og Anders skulle på ein hotell-resort for å planlegge bryllaupet sitt, som dei kanskje skal ha der neste år, og lurte på om vi ville komme og tilbringe helga i lag med dei. Vi takka ja, pakka baggen og kjaure tidleg laurdag morgon. Det var ein flott resort! Anders fiksa rom til halvpris gjennom ein bekjent. Vi bada, åt lunsj medan vi såg England berre klare uavgjort mot USA, sola oss og bada litt meir, padla kajakk, åt middag og sovna halv 11 på kvelden!Middagen var nydeleg! Eg hadde skatevingar med parmesan, asparges og krema kvitløksaus. Erlend hadde pasta med sjømat. Til dessert delte vi brownies med is. Etter det gjekk vi på rommet for å ta eit par øl. Det vart med den eine, og etter kort tid hadde vi sovna heile gjengen...
Eine bassenget på tennisklubben. Anders, Liselott og Erlend.

På veg heim....


Då vi starta på turen heim viste gradestokken 37,5 grader.

onsdag 2. juni 2010
Treme Theme Song/Intro Song
I går kveld var Lillian og eg på Bullet, ein bar i eit heller tvilsomt nabolag, og haure på Kermit Ruffins som spelar der fast kvar tirsdag. Han er ein liten mann med stor hatt og er ein dyktig trompetist. Han er med i HBO-serien Treme frå New Orleans, som går på tv her borte no. Anbefalar spesielt alle som har vore her på besøk å få med seg serien. Eg har sett nokre av dei første episodane, men sidan Erlend ikkje har fått med seg noko etter at han reiste til Falklandsøyane, så skal eg vente med å sjå resten til han kjem heim. Serien handlar om livet etter orkanen Katrina som ramma New Orleans for fem år sidan. Det vart liv i publikum i går då Kermit Ruffins spelte intro-sangen til Treme. Artig!
søndag 30. mai 2010
Ei super duper kjekk helg
Fredag var det flott ver, så etter litt jobbing tok eg turen på kirka, og starta helga med bading og soling. Mette, Lillian og eg åt middag på ein vietnamesisk restaurant på andre sida av elva, før vi møtte Lindsay på kino. Vi såg Sex and the City2. Plassen vi åt på var komisk. Skulle gjerne hatt bilete. Det såg ut som eit nedlagt stripmall. Der var ingenting på utsida som røpte at det var noko som helst inne i dei litt shabby bygningane. Men til tross for eit "litt" utdatert både eksteriør og interiør, så smakte maten veldig godt! Alle var einige om at det var lurt å vere ute i god tid før kinoen starta, sidan det var premieredagen. Vi troppa opp nesten ein time før, og forta oss inn for å finne plassa. Viste seg at vi var først ute og fekk kapra dei beste seta. Flaks! Men etterkvart innsåg vi at det var heilt unødvenig. Filmen gjekk for ikkje halvfull sal ein gong.
I går åt eg graut på kirka og las bok ved bassenget. Lindsay, ein kompis av ho, Aron, og Lillian kom og heldt meg med selskap etter stengetid (fordelen med å vere venninne med husmor - heilt greit). :) Medan Lillian gjor seg klar for å fare på kombinert sølv- og gullbryllaup i bunad, så gjekk eg i lag med Lindsay og Aron på Juan's Flying Burrito og åt. God, billig meksikansk mat. Seinare på kvelden plukka Lindsay og Aron meg opp heime, og etter nokre små omvegar og heile gjengen igjen var samla, enda vi på Frenchman St. Vi hadde det så kjekt! På eit gatehjørne spelte eit brassband, og det aula av folk som dansa i gata. Vi heiv oss med og dansa så svetten sila til langt på natt. Må seie at eg er imponert over Lillian som var oppe kl 07 i dag tidleg for å lage til kyrkjekaffi! Eg var ikkje like friskus, men i overraskande god form då eg vakna ikkje fullt så tidleg.
I dag har eg og Lillian rusla rundt på Magazine St, kosa oss med burger, kaffi og is, avslutta med ein tur til French Quarter. Vi shoppa litt på Urban Outfitters og gjekk heile Royal St til endes, bort Frenchmen St og opp igjen. Royal er ei fin gate med mange galleri og kunstbutikkar, spesielt likar eg nedre del med flotte hus og små, koselege hotell.
Håpar alle heime har hatt ei finfin helg! Kan melde at Reisande Mac på Falklandsøyane har det berre bra. Etter mykje fram og tilbake, rykte om tur til Noreg, og litt skuffelse for at det gjekk i vasken, så er det no avgjort at han kjem heim neste helg (søndag). Då har han vore borte i ein månad. Skal bli godt å få han heim.
Her er nokre bilete frå rusleturen vår ned Royal St i ettermiddag;





Solnedgangen over French Quarter (bilete gjer ikkje ære på kor flott det var).

Til Erlend;)

mandag 24. mai 2010
Pearl Jam konsert og Jazz Fest 2010

Ei av dei tre store hovedscenene.
Roger, Mette, Erlend, eg og Jo - godt nøgde med å sjå Pearl Jam live!! :) Oppdatering
17.mai-feiringa her borte var av den blaute sorten. Her regna og regna og regna og regna, heilt til gatene såg ut som elver. Vi kunne ikkje ta laust i Jetta'en, så vi ringte til Mette og Kai og ba dei hente oss i Range Roveren deira. Vi kom oss til Sjømannskirka, men det var fleire som ikkje kom seg fram denne dagen. Skal sjå om eg ikkje kan få lasta ned nokre bilete som Lillian tok denne dagen, for det var verkeleg eit syn. På kirka gjekk straumen, så vi måtte improvisere litt. Vi tente stearinlys, grilla laks og gjekk 17.mai-tog innandørs. Trass i regnet så var det ei fin 17.mai-feiring på søndag 16.mai. :)

Her har vatnet starta å trekke seg tilbake. Tidlegare på dagen sto Lillian akkurat der eg står med vatn til låra!


















