I dag har eg vore på kirka for VK2 i krumkakesteiking. Dessverre så fann eg ikkje tilbake til teknikken som sat i fjor (etter nokre hundre krumkaker), og resultatet vart litt variabelt. Maria sine der i mot var fine på farge og lik i størrelse. Eg får lære av eksperten. I fjor var vi oppe i ca 1200 krumkaker. I år er det heldigvis begrensa til kanskje halvparten. Lillian laga kokosmakroner med sitron og mandlar i. Dei var gode! Litt rart å vere med på julebakst i oktober, men første helga i november er det Skandinavisk Festival med julesalg, og då må alle julekakene vere laga, pakka og klare for salg.
torsdag 14. oktober 2010
Lafayette Square
mandag 11. oktober 2010
Søndag
onsdag 6. oktober 2010
Ny lenestol og nye spisebordstolar
Womb Chair
tirsdag 5. oktober 2010
Panton oransj barnestol
Eg har vore sløv å oppdatere bloggen i det siste. Men det har ikkje skjedd så mykje på ei ri no. Erlend har reist til Brasil og blir nok der i 2-3 veker. Eg saknar han kvar dag. Mandag forrige veke var eg på kontroll og alt står bra til med den vesle i magen. Har ikkje blogga om det tidlegare, men trur det er ute no. :) Og det er godt å vere over dei første tre usikre månadane. Veit ikkje om det er jente eller gut enno, så vi kallar han/ho for bebis inntil vidare. Vi har handla ein del møblar til vi skal heim. Dvs stolar. Den på biletet skal Jakob få låne når han kjem på besøk, og etterkvart vil vår eigen bruke den. Vi har to kvite stolar av same sort for vaksne. Då vi såg den lille, måtte vi berre ha den. Den var jo på salg. Er ikkje det pengar spart? :) I morgon kjem ein lenestol som vi også har bestilt. Vi likar det vi har sett på bilete og den lille prøvestoffbiten vi har, men det skal bli spanande å sjå den på verkeleg. På laurdag fekk vi spisebordstolane våre. Gler meg til å flytte inn igjen på Sørneset, og få alt på plass. Men det er nok ei stund til enno. Førebels får eg gle meg over nykjøpa her i Nola. No får eg straks besøk av Liselott, Lillian og ei venninne av ho frå Noreg som er her på besøk. Vi skal kose oss med taco og is med jordbær til dessert. Mmmm!
lørdag 2. oktober 2010
Uncle Lionel og dirigent Hildre med kor
Torsdag var det musikk og korsong på kirka. Vi steikte ørten vaffelplater og stemte på beste vaffeltilbehør (bringebærsylta gjekk av med sigeren) medan vi haure på jazzmusikerane og koret som sang. Det vart avslutta med onkel Lionel, han som går fremst i Jazztoget på Moldejazzen kvart år, som sang What a wonderful world. Litt av ein karakter!
mandag 20. september 2010
New York
Lillian og eg har vore på tur til NY i helga. Vi har gått mykje og sett mykje, ete god mat, shoppa litt, vore på Museum of Modern Art og Guggenheim, kosa oss i Central Park og sett musikalen Chicago. Takk for ei super helg Lillian! :)
søndag 19. september 2010
onsdag 15. september 2010
Hoover Dam og The Venetian
Erlend paa The Venetian
tirsdag 14. september 2010
Las Vegas
mandag 13. september 2010
LA



Vi har akkurat vaakna, og om nokre timar skal vi starte paa siste etappe av turen; LA til Las Vegas (LV). Har ikkje blogga saa mykje om kva vi har gjort paa her i LA, saa her kjem ei oppdatering.









