torsdag 14. oktober 2010

Krumkakeskulen

I dag har eg vore på kirka for VK2 i krumkakesteiking. Dessverre så fann eg ikkje tilbake til teknikken som sat i fjor (etter nokre hundre krumkaker), og resultatet vart litt variabelt. Maria sine der i mot var fine på farge og lik i størrelse. Eg får lære av eksperten. I fjor var vi oppe i ca 1200 krumkaker. I år er det heldigvis begrensa til kanskje halvparten. Lillian laga kokosmakroner med sitron og mandlar i. Dei var gode! Litt rart å vere med på julebakst i oktober, men første helga i november er det Skandinavisk Festival med julesalg, og då må alle julekakene vere laga, pakka og klare for salg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar