tirsdag 5. oktober 2010

Panton oransj barnestol

Eg har vore sløv å oppdatere bloggen i det siste. Men det har ikkje skjedd så mykje på ei ri no. Erlend har reist til Brasil og blir nok der i 2-3 veker. Eg saknar han kvar dag. Mandag forrige veke var eg på kontroll og alt står bra til med den vesle i magen. Har ikkje blogga om det tidlegare, men trur det er ute no. :) Og det er godt å vere over dei første tre usikre månadane. Veit ikkje om det er jente eller gut enno, så vi kallar han/ho for bebis inntil vidare. Vi har handla ein del møblar til vi skal heim. Dvs stolar. Den på biletet skal Jakob få låne når han kjem på besøk, og etterkvart vil vår eigen bruke den. Vi har to kvite stolar av same sort for vaksne. Då vi såg den lille, måtte vi berre ha den. Den var jo på salg. Er ikkje det pengar spart? :) I morgon kjem ein lenestol som vi også har bestilt. Vi likar det vi har sett på bilete og den lille prøvestoffbiten vi har, men det skal bli spanande å sjå den på verkeleg. På laurdag fekk vi spisebordstolane våre. Gler meg til å flytte inn igjen på Sørneset, og få alt på plass. Men det er nok ei stund til enno. Førebels får eg gle meg over nykjøpa her i Nola. No får eg straks besøk av Liselott, Lillian og ei venninne av ho frå Noreg som er her på besøk. Vi skal kose oss med taco og is med jordbær til dessert. Mmmm!

3 kommentarer:

  1. Gratulerer så masse med bebis på vei :) Kosla <3

    SvarSlett
  2. Takker, veldig koslig. Og litt skummelt... :)

    SvarSlett
  3. kjekt å få oppdatering, tøff stol! -Anne

    SvarSlett