mandag 11. oktober 2010

Søndag

Lillian, Mette, lille Ella og Kai i Audubon-parken
Nyaste tilskudd i norskeklanen; søte Ella
Søndag var slik ein fin dag. Eg starta med min første spinningtime på leeeenge, og det gjekk bedre enn frykta. Jogging har begynt å føles mindre behageleg, så eg må finne på ei erstatning. Etter trening inntok eg ein god og stor frukost på balkongen vår i fineveret, kosa meg med ein kopp kaffi og ei bok. Vi har hatt flott haustver siste tida, sol og ikkje alt for varmt. Lillian ringte, og vi avtalte å sykle opp til parken for å sløve litt der før Saints-kampen. På vegen dit ville det seg slik at vi svingte innom Pinkberry og hadde frosen yoghurtis til lunsj med bringebær, kiwi, mango og sjokostrø. Det er så godt! Kunne ete litervis. I parken fann vi Eivind i skyggen under eit tre. Kort tid etter kom Mette, Kai og deira lille Ella også. Ella kom til verda i slutten av august. Ho såg ut til å kose seg, og fekk låne Lillian sine solbriller. Tøffina! :) Rett før kampstart braut vi opp og sykla til ein bar, Rendezvous på Magazine St. Anders og Liselott ser stort sett alltid Saints-kampane der. Vi fann dei og andre kjente i baren. Saints spelte ein heller dårleg kamp. Svoltne og skuffa sykla vi på Juan's Flying Burrito og trøsta oss med tacos og fajitas. Det smakte - og heldigvis var det nok til middag i dag også. Med ei to-go-box med restar sykla eg heimover - litt sår i raua etter ein dag med mykje tid på sykkelsetet. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar