tirsdag 9. februar 2010

Super Bowl og Saints Parade



På søndag vann New Orleans Saints over Indianapolis Colts 31-17; laget og byen sin første Super Bowl siger nokon sinne. For ein opplevelse! Vi såg kampen på ein bar ikkje langt frå Bourbon Street i French Quarter. Då sigeren var eit faktum strauma folk ut i gatene for å feire. Det var folk over alt, fyrverkeri, flagg, heiarop, beads og alt i svart og gull. I ettermiddag var vi nede i byen igjen for å sjå på seiersparaden til Saints. Det var fullstendig kaos! Eg fekk eit lite glimt av Drew Brees og nokre andre spelera gjennom folkehavet. Det har aldri vore så mykje folk ute i gatene under Mardi Gras nokon sinne - alle er ute for å feire byen sine store heltar. Då orkanen Katrina traff New Orleans i september 2005 vart Superdome (heimearenaen til Saints) brukt som tilfluktstad. The Saints spelte heimekampane sine i 2005-sesongen på andre arenaer i området. For mange er det sterk symbolikk i det å sjå Saints tilbake i Domen og som vinnera av den 44. (XLIII) Super Bowl finalen. Her er nokre bilde frå den o'store kampdagen;

Mette, Josefine, eg og Chris

Anders, Erlend og Kai

Hanna og Mia

David, Liselott, Josefine og Chris


Gulltights! :)

Sjølvsagt eiga Saints-boblis

Heile gjengen samla hos David før kamp

Nervøse!!

Eit par andre hadde tatt turen på pub for å sjå kamp


Stigande stemning etter ein dårleg start

Erlend og Daniel jubler etter at sigeren er eit faktum

Til og med onkel politi var glad og fornøgd i denne kvelden

Lykkeleg mann i gull og svart :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar