tirsdag 16. februar 2010

Takkekort og forkjølelse....

I går var eg inne heile dagen, med unntak av ein tur på Wholefoods. Er forkjøla, og eg var ikkje i form i det heile, men kjøleskapet var nesten tomt, så måtte ut på handletur. Det var stressande nok. Medan byen stod på hovudet - Lundi Gras (mandag før karnevalet er over) - og alle var ute for å sjå på paradane, heldt meg inne denne kvelden. Kleenex, nasespray og mykje sjølsympati måtte til, spesielt når den ein er glad i å syte til ikkje er der (saknar deg, Erlend!). Med korpsmusikk og skrål frå gata i bakgrunnen åt eg is (=medisin), blogga og laga eit takkekort til nokon som har vore snill og hjelpsom. Det er laga av handleposen frå Wholefoods med mønstra papir, eit fint bilete og anna dill som pynt. Kan også nemne at Erlend ringte frå Brasil. Han har det berre bra, men det er mykje jobbing på han. Synd at han har gått glipp av Mardi Gras her i byen, og i tillegg karnevalet i Rio.

3 kommentarer:

  1. God bedring, Linda :)
    -Marion

    SvarSlett
  2. Du e jammen bra kreativ!! Superflink med den nye hobbyen din:)Dei sendte litt frå Mardi Gras på tv i går faktisk, såg hektisk, men festlig ut!! Håpe forma di e bedre!! Klem frå Silje

    SvarSlett
  3. Takk, takk! :) Vil gjerne sleppe raud nase og rennande auge no...

    SvarSlett