mandag 15. februar 2010

Laurdag 13. feb - Endymion paraden ved City Park

Bygget som Hanna jobbar i ligg heilt i starten av Endymion parade-ruta, og kvart år har jobben hennar ein stor fest for ansatte med familie og venner. Vi fekk prima plasser på eit stilas som var satt opp for anledninga og etterkvart som paraden passerte hagla det med kjeder og anna som dei kasta frå flåtene. Ein må følge med når vognene kjem forbi - det flyg perlekjeder, kosedyr, glowsticks, dropsesker, frisbees (eller sendebrett som Kai og Mette kallar det) + mykje anna rart frå alle kantar. Ei dame framfor oss vart truffen rett i fleisen med ein heil pakke beads, og ho fekk nok ein solid blåveis. Har haurt om andre som har fått kutt og måtte sy etter å ha vore uoppmerksome. Det prikka i hendene etterpå - det gjer ganske låkt å ta i mot dei største kjeda. Før paraden kosa vi oss med gratis mat og drikke, og så rusla vi oss ein tur i området for å sjå på folkelivet. Lengre oppe i gata var det satt opp ei scene med live-musikk og anna underholdning. Der såg vi eigarane av Saints-laget og Super Bowl trofeet. Fekk ikkje tatt noko godt bilete av trofeet medan dei hadde det framme på scena. Einaste eg fekk knipsa eit bilete av, er denne karen som hadde som oppgave og passe på trofeet (det ligg i posen han held - ikkje akkurat så veldig spanande, men...).


Utsikt frå "tribuna" vår før paraden starta

Paraden er i gong. Veldig flinke korps som spelar/dansar - kule rytmer og dansemoves! :)
Fleur de Lis-vogn og klovnar på styltrer

Lillian og eg har sanka beads (legg merke til linselusa i bakgrunnen)

Takk, Hanna, for at vi fekk komme! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar