onsdag 27. oktober 2010

Første innkjøp til den lille.

Bilete til barnerommet.

Kle til tulla vår.

I går stakk eg og Erlend innom ein barnebutikk på Magazine St og kika litt på barnekle. Vi har ikkje handla noko særleg fram til no. Eg har hatt kontrollen på mandag denne veka som milepæl. No som vi veit kjønn er det enklare å vete kva kle og fargar vi kan handle inn. Så då måtte eg berre kjøpe litt. Har vore innom butikken tidlegare, og har lenge sett meg ut nokre bilete til barnerommet. Og så måtte eg berre ha eit par body'ar og ein søt nattdress. Størrelsar og logikk som lange mot korte ermar på vinter/sommar og slikt har eg ikkje tenkt på. Det får kome med erfaring etterkvart... :)

3 kommentarer:

  1. Åh hellandussen!!! :) ka skjønn :) gleda mej masse til å kose å dulle med prinsessa når ho kjøm til verda :) super"tante" sei ej berre, he he.
    e no ei lita ri til endå da men :) gleda mej :)

    SvarSlett
  2. Nåååå!!! Alt va kjempefint! Likte spesielt godt bilda og NOLA bodyen. :D Å, d e so gøy å handle babyting! Nei, Ivar, skakje oss ha ei jente no? ;D

    SvarSlett
  3. Åååå kor søtt!!:) Ditte blir stas!:) Gler åss til dåkke kjem heimatt!!

    SvarSlett