torsdag 21. oktober 2010

Nye gøvlar og støvlettar

Eg har kjøpt meg nye støvlar og vinterstøvlettar. Litt rart å handle slikt når sola skin ute og vi har behagelege 25 grader. Men meldingane om veret heime, gir det så absolutt meining. Eg har ikkje tenktå ta ein amerikanar, og lande på Vigra i flip flops i desember (her måtte eg passe på - Vigra blir fort Viagra med denne ordlista... :)). Ang ei anna heimreise eg ventar på, så veit Erlend fortsayt ikkje kor tid han kjem att frå Brasil. Kanskje mandag, kan det no sjå ut som. Må nok vente nokre dagar til på han. Godt at eg er av den tolmodige typen. ;)

4 kommentarer:

  1. Dissa va veldig fine!!! begge to :) ka merke støvla det e??
    Må ha mej nåkken støvla sjøl, steike sørpete her heime....

    SvarSlett
  2. Hunter støvla. Vart gla då ej fann dei i grå. Likte den fargen. Gøvla må an ha heime ja...

    SvarSlett
  3. Godt investert! Ej he henta fram mine, og he brukt dei flittig på sørpeveiane her heime dei siste dagane. Fær håpe d he blitt skikkelig vinter til dåkke kjem heim :)

    SvarSlett
  4. Satsa på fin, kvit snø som vertfall ligg heile jula. Alt anna enn stiv kuling og slaps!

    SvarSlett