torsdag 21. oktober 2010

Trille-/cafe-tur

Pinkberry yoghurtis - nam!

Villa Ville Kulla?


Mette, Ella og eg har vore paa trilletur. Vi stoppa paa Cafe Luna, og sat aa kosa oss med ein iskaffi, daa ein kar slo seg ned paa nabobordet. Han viste stor interesse for Mette sine sandala, og prata i veg om at han jobba med "reflexology". Han starta kommentere og knipe paa foten hennar. Vi vart litt paff og visste ikkje heilt korleis vi skulle handtere det. Men vi fekk ikkje noko hove til aa avbryte, og for vi fekk summa oss sat han og smurte inn fotene til Mette med fuktigheitskrem og maserte dei. Etterkvart kom det fram at han ville ha 10$ for tjenesten. Mette hadde 6$, og han sa seg fornogd med det. Etterpaa gjekk vi innom Pinkberry. Tenkte eg maatte ta med Mette sidan ho ikkje har smakt herlegheita. Saa det var for hennar skuld. Ok, litt for mi og. Eg elskar Pinkberry! Har eg nemnt det for? Kanskje det, men det er det beste eg veit. Paa veg heim rusla vi forbi huset paa biletet. Det er saa herleg. Minner med om Pippi-huset.

2 kommentarer:

  1. Dårlig gjort... Ej he et tørt knekkebrød på tallerkenen, og satt mej ned for å lese bloggen. Knekkebrødet frista ikkje nokke særlig no :)

    SvarSlett
  2. Sorry... Om det hjelp så ha eg og knekkebrød til lunsj. Is var mellommåltid før middag... Sunt, med yoghurt og bær, vel? :)

    SvarSlett