lørdag 16. oktober 2010

The Fly

Etter graut i dag sykla eg og Lillian til parken, The Fly, som ligg nede ved Mississippi elva. Vi har nydeleg ver for tida og nyt dagane. I parken møtte vi Hanna og Rachel (kaptein på damelaget eg spelte på tidlegare). Vi slo leir på teppa vi hadde med under eit tre. Frå Wholefoods hadde vi med plommer, bringebær, kjeks og hummus. Nydeleg! :) Om ein liten halv time skal vi på Salut og ete tapas ein heil gjeng.

1 kommentar: