torsdag 17. juni 2010
mandag 14. juni 2010
Svipptur til Alabama
Erlend kom heim natt til mandag forrige veke. Godt å ha han heime igjen!! Denne veka har gått fort. Ei kort oppsummering; god middag på Cote Sud for å feire at Reisande Mac var heime igjen, fotball, franskkurs, jobb, grilling, filmkveldar, soling og bading. Laurdag tok vi ein køyretur til Point Clear i Alabama. Liselott og Anders skulle på ein hotell-resort for å planlegge bryllaupet sitt, som dei kanskje skal ha der neste år, og lurte på om vi ville komme og tilbringe helga i lag med dei. Vi takka ja, pakka baggen og kjaure tidleg laurdag morgon. Det var ein flott resort! Anders fiksa rom til halvpris gjennom ein bekjent. Vi bada, åt lunsj medan vi såg England berre klare uavgjort mot USA, sola oss og bada litt meir, padla kajakk, åt middag og sovna halv 11 på kvelden!Middagen var nydeleg! Eg hadde skatevingar med parmesan, asparges og krema kvitløksaus. Erlend hadde pasta med sjømat. Til dessert delte vi brownies med is. Etter det gjekk vi på rommet for å ta eit par øl. Det vart med den eine, og etter kort tid hadde vi sovna heile gjengen...
Eine bassenget på tennisklubben. Anders, Liselott og Erlend.

På veg heim....


Då vi starta på turen heim viste gradestokken 37,5 grader.

onsdag 2. juni 2010
Treme Theme Song/Intro Song
I går kveld var Lillian og eg på Bullet, ein bar i eit heller tvilsomt nabolag, og haure på Kermit Ruffins som spelar der fast kvar tirsdag. Han er ein liten mann med stor hatt og er ein dyktig trompetist. Han er med i HBO-serien Treme frå New Orleans, som går på tv her borte no. Anbefalar spesielt alle som har vore her på besøk å få med seg serien. Eg har sett nokre av dei første episodane, men sidan Erlend ikkje har fått med seg noko etter at han reiste til Falklandsøyane, så skal eg vente med å sjå resten til han kjem heim. Serien handlar om livet etter orkanen Katrina som ramma New Orleans for fem år sidan. Det vart liv i publikum i går då Kermit Ruffins spelte intro-sangen til Treme. Artig!
søndag 30. mai 2010
Ei super duper kjekk helg
Fredag var det flott ver, så etter litt jobbing tok eg turen på kirka, og starta helga med bading og soling. Mette, Lillian og eg åt middag på ein vietnamesisk restaurant på andre sida av elva, før vi møtte Lindsay på kino. Vi såg Sex and the City2. Plassen vi åt på var komisk. Skulle gjerne hatt bilete. Det såg ut som eit nedlagt stripmall. Der var ingenting på utsida som røpte at det var noko som helst inne i dei litt shabby bygningane. Men til tross for eit "litt" utdatert både eksteriør og interiør, så smakte maten veldig godt! Alle var einige om at det var lurt å vere ute i god tid før kinoen starta, sidan det var premieredagen. Vi troppa opp nesten ein time før, og forta oss inn for å finne plassa. Viste seg at vi var først ute og fekk kapra dei beste seta. Flaks! Men etterkvart innsåg vi at det var heilt unødvenig. Filmen gjekk for ikkje halvfull sal ein gong.
I går åt eg graut på kirka og las bok ved bassenget. Lindsay, ein kompis av ho, Aron, og Lillian kom og heldt meg med selskap etter stengetid (fordelen med å vere venninne med husmor - heilt greit). :) Medan Lillian gjor seg klar for å fare på kombinert sølv- og gullbryllaup i bunad, så gjekk eg i lag med Lindsay og Aron på Juan's Flying Burrito og åt. God, billig meksikansk mat. Seinare på kvelden plukka Lindsay og Aron meg opp heime, og etter nokre små omvegar og heile gjengen igjen var samla, enda vi på Frenchman St. Vi hadde det så kjekt! På eit gatehjørne spelte eit brassband, og det aula av folk som dansa i gata. Vi heiv oss med og dansa så svetten sila til langt på natt. Må seie at eg er imponert over Lillian som var oppe kl 07 i dag tidleg for å lage til kyrkjekaffi! Eg var ikkje like friskus, men i overraskande god form då eg vakna ikkje fullt så tidleg.
I dag har eg og Lillian rusla rundt på Magazine St, kosa oss med burger, kaffi og is, avslutta med ein tur til French Quarter. Vi shoppa litt på Urban Outfitters og gjekk heile Royal St til endes, bort Frenchmen St og opp igjen. Royal er ei fin gate med mange galleri og kunstbutikkar, spesielt likar eg nedre del med flotte hus og små, koselege hotell.
Håpar alle heime har hatt ei finfin helg! Kan melde at Reisande Mac på Falklandsøyane har det berre bra. Etter mykje fram og tilbake, rykte om tur til Noreg, og litt skuffelse for at det gjekk i vasken, så er det no avgjort at han kjem heim neste helg (søndag). Då har han vore borte i ein månad. Skal bli godt å få han heim.
Her er nokre bilete frå rusleturen vår ned Royal St i ettermiddag;





Solnedgangen over French Quarter (bilete gjer ikkje ære på kor flott det var).

Til Erlend;)

mandag 24. mai 2010
Pearl Jam konsert og Jazz Fest 2010

Ei av dei tre store hovedscenene.
Roger, Mette, Erlend, eg og Jo - godt nøgde med å sjå Pearl Jam live!! :) Oppdatering
17.mai-feiringa her borte var av den blaute sorten. Her regna og regna og regna og regna, heilt til gatene såg ut som elver. Vi kunne ikkje ta laust i Jetta'en, så vi ringte til Mette og Kai og ba dei hente oss i Range Roveren deira. Vi kom oss til Sjømannskirka, men det var fleire som ikkje kom seg fram denne dagen. Skal sjå om eg ikkje kan få lasta ned nokre bilete som Lillian tok denne dagen, for det var verkeleg eit syn. På kirka gjekk straumen, så vi måtte improvisere litt. Vi tente stearinlys, grilla laks og gjekk 17.mai-tog innandørs. Trass i regnet så var det ei fin 17.mai-feiring på søndag 16.mai. :)

Her har vatnet starta å trekke seg tilbake. Tidlegare på dagen sto Lillian akkurat der eg står med vatn til låra!
fredag 30. april 2010
DesignerVikar hos Sukkersøtt

Her er bilete av kortet eg laga;






mandag 26. april 2010
På tide med ei lita oppdatering!
Eg har ikkje blogga sidan Silje og Kåre var her på besøk for snart to veker sidan, så tenkte det var på tide med eit lite innlegg. Den berømte askeskya forlenga heimreisa til Silje og Kåre med eit døgn, og bagasjen kom sjølvsagt ikkje fram før etter dei var heime på Åsesletta. Dei kom seg til København, og derifrå gjekk turen vidare med båt, tog og buss. Etter at dei fekk bagasjen med alle amerika-gåvene, så fortalte Silje at Jakob vart veldig glad for John Deer grasklipparen og den blå Porscha. No seier han at alt er enten kjøpt på Moa eller i Amerika. Vi må sende nokre gratulasjonar heim til Jakob og Jan som fyllte år forrige helg. Og til mamma som fylte 6.april. Skulle så gjerne ha vore med på feiringane!
Etter at vi var att åleine her, så har tida mest gått med til jobbing og fint lite anna. Har slappa av og nytt det fine veret vi har hatt den siste tida. Sol og varmt, men ikkje for varmt. Kan berre håpe at det held seg slik ei stund før den værste varmen og fuktigheita sett inn (som Sunnmøring berre må eg skrive om veret..). Laurdag var vi på Jazz Fest og haure på Simon&Garfunkle og eit band eg ikkje har haurt om før; My Morning Jacket. Det var meldt tordenver og regn. Det kom eit par dråpar, så eg leita fram regnponchoen, men det vart med det, og då S&G entra scena, kom også sola. Kjekt å høyre gamle slagera som "Mrs Robinson" osv, sjølv om eine av gamlingen sleit med sår hals. Det andre bandet var også bra. Og litt snodig. Neste helg er det duka for Pearl Jam konsert. Eg gler meg som berre juling! Skal gå til innkjøp av støvlar einaste. Det er meldt regn og då blir der litt av eit gjørmebad. Såg fleire som berre ga opp då dei vart setande fast i gjørma, forlot slippersane sine, og tassa vidare barbeint. Like greit. :)
På onsdag kveld skal vi hente Kristin, Trond og Jo, som forhåpentleg kjem seg over dammen utan askeproblemer. Dei skal vere her i ca ei veke. Gler oss! Det som ikkje er fullt så kjekt, er at besøket deira er tima med at vaskemaskina vår har lekt vatn utover golvet på gjesterommet. Det hadde ikkje vore noko problem, for reparatøren var her i dag og fann årsaka til lekasjen; ein quarter i pumpa (Kåre - veit du om nokon som alltid har lommene fulle med mynt? ;) Men når ein plasserer vaskemaskina i eit skap på eit soverom med vegg-til-vegg-teppe, så er det ikkje berre å moppe over golvet. Cajun-solutions... Håpar berre at det tørkar opp snart, så vi er klare for innrykk igjen!
På Jazz Fest; klar for alle eventualitetar - sol eller regn. Og med ein Mango-freeze blir alt bra. Mmm! :)
tirsdag 13. april 2010
Festival, Uno og sump-tur
Det er siste kvelden vi har besøk av Silje og Kåre. I morgon set dei seg på flyet og reiser heim til Sunnmøre. Vemodig. Det har vore veldig kjekt med besøk, og dei åtte dagane dei har vore her har floge avgårde. Men vi er veldig glade for at det klaffa slik dei kunne komme, og at det har gått så bra med Jakobsen som har vore heime med besteforeldra. Dei siste dagane har vi vore på French Quarter Festival, køyretur til Lower 9th Ward og sett på spesielle hus som har blitt satt opp etter Katrina, sump-tur i Lafitte Park (såg fire aligatorar, to slangar og ein frosk), shopping (12 par sko og ein plenklippar i bagasjen - skal tru om det vert overlast?), ete god mat, drukke fleire Frappuccionar og spelt Uno. Under eit av Uno-slaga kom det fram at familien Farstad ikkje er så gode å teikne. Det oransje biletet ovanfor er Silje og Erlend sine forsøk på å teikne ein katt. Erlend (27 år) står for pusen til venstre, Silje er ansvarleg for dei to skissene til høgre.I dag har vi vore på kjøpesenteret Lakeside heile formiddagen. Etterpå stakk vi innom Sjømannskirka og åt vafler. Så var vi og handla og no held Erlend på å fyrer opp grillen. Vi er skrubbsvoltne og gler oss til grillmat!! :)
lørdag 10. april 2010
Meir crawfish!
Meir crawfish! Liselott og Anders har også familie på besøk, og i dag har dei invitert oss på crawfish boil. Chad, ein kompis av dei, stod for kokinga. Vi hadde det så hyggeleg, og det var kjekt å helse på familiane deira. Etter ein frapuccino på Starbucks til dessert, møttast vi alle igjen på Bulldog. Silje og Kåre gjekk heim før oss. På stovegolvet fann dei ein kakerlakk... Dei fekk fanga den under ei boks, oppå eit skjerebrett, for så å kaste den utfor balkongen. Både kakerlakken og skjerebrettet small i bakken sju etasjer under. Vi skal vere glade for at nattevakta vår ikkje gjekk runde og fekk det i hovudet! Då hadde han sikkert saksøkt. I dag tidleg rett etter eg vakna haure eg Kåre seie til Silje; "ingen kakerlakkar"! Sjekk under senga, oppi kofferten og bak do... ;) Usj!No har vi akkurat kosa oss med is og kaffi, etter å ha tilbragt heile dagen på konsertar nede i French Quarter (siste dag av French Quarter Fest). For ein flott dag! Sol, liten bris, ikkje for varmt, og fin musikk. Det er berre nydeleg her denne tida av året; grøne tre, blomster, sol, passe temperatur. Men folkemengdene nede i byen i dag, ga oss litt svettetokter.
I morgon skal vi på tur i sumpen, ein tur nedom Lower 9th Ward (Katrina forårsaka store øydeleggingar der, og no er der mange spesielle hus som har blitt gjenbygd) og på sko-shopping til Silje og Kåre. Vi har forresten bestilt Google Nexus One mobiltelefon til Silje, Kåre og meg, og dei skal komme med FedEx i morgon. Erlend har nettopp kjøpt ein slik telefon til seg sjølv, så no har vi alle like mobilar. Og nye, fine solbriller... :) Den lignar på IPhone, med slik touch-skjerm, men meir veit eg ikkje. Sikkert for avansert til at eg klarer skrive meldingar... ;) Håpar at alle der heime har hatt ei fin helg!
fredag 9. april 2010
Silje og Kåre på besøk
fredag 2. april 2010
Oppdatering!
I går var planen å køyre til Lower 9th Ward. Dette området av byen vart hardt ramma under Katrina og mange mista heimane sine. Fleire organisasjonar er innvolvert i gjenoppbygging av hus der. Bla Brad Pitt har donert mykje peng til å bygge opp igjen nokre spesielle hus; bygd på høge pålar, asymetriske, solcellepanel på taka og nokre er konstruert for å løsne frå pålane og flyte som husbåter dersom det skulle komme ein ny flom. Men vi kom oss ikkje lengre enn til bensinstasjonen, før Jetta'en streika. Resten av formiddagen gjekk med til å kjøpe nytt batteri og montering. Jetta'en går no heldigvis som ei klokke. Etterpå vart det ein køyretur opp til innsjøen for å ete lunsj, eller middag heller, og is til dessert på Sucré (sjølvsagt!). Deretter såg vi på verktøy og kjøpte grill på Home Depot. Vi stakk også innom Urban Outfitters og shoppa litt klede, men torde ikkje vere der for lenge pga stakkars pappa som heldt på å få fnatt. På veg heim plukka vi opp film nr tre i Stieg Larsson triologien. Pappa såg film og vi stakk innom Joar og Andreas som hadde innflytningsfest.
I dag kom vi oss til 9th Ward, og der har vore stor utvikling sidan sist vi var der. Mange hus har komt opp og folk har fått flytta inn. Deretter kjaure pappa, Stian og eg på Lakeview Shopping Center. Vi skulle finne ein krem til mamma, men dei hadde den dessverre ikkje. Eg må nok bestille på nett. Pappa kjøpte seg t-skjorte og skjorter (håper du likar dei, mamma! ;)) på første butikken vi kom inn i. Eg og Stian kika litt meir i andre butikkar. Er imponert over at pappa heldt ut så lenge som han gjorde. Trur han har vore meir i klesbutikkar på denne ferien enn han har til saman på dei siste 20 åra... :) Som premie fekk han softis. Tidlegare i veka har vi vore på WalMart og handla billege sko - sjå bilete av føtene våre med nye sko og sokkar. No har vi akkurat grilla. Det smakte!
I morgon er det siste dagen til Stian og pappa her i New Orleans. Er så glad for at dei kom over dammen og besøkte oss. Blir litt vemodig å seie hadet på søndag. Tida har gått så fort. Men først skal vi ha ein fin laurdag i lag! God helg til alle dykk der heime! :)












