tirsdag 19. januar 2010

Dagen i dag - super! :)

I dag starta eg dagen med å jobbe litt, før eg hadde husverten innom på lynvisitt for å sjå kva som må gjerast av småreparasjonar. Han var veldig hyggeleg og kunne fortelle at han og kona kjøpte leilegheita for å ha ein plass og bu når ungane blir vaksne og flyttar ut av huset dei no bur i. I mellomtida leiger dei ut. Han lovte og komme tilbake seinare i veka i lag med ein som skal fuge opp igjen dusjane våre og fikse litt andre småting. Eg møtte så Lillian på Café Rani for å ete lunsj. Det som skulle ver ein liten lunsj vart til kaffi og is på Sucré og litt titting i butikkar og. Fann kvar sine fine t-skjorter. Det var så nydeleg ver og vi storkosa oss i sola.





Etter lunsj vart eg med Lillian for å gjere nokre ærend. På veg til Lowes for å handle støvsugar og Plumbo til Sjømannskirka, passerte vi dette huset. Om ikkje så lenge er det Mardi Gras i New Orleans; eit karneval som startar allereie 6.januar og som varer i over ein månad. Det heile toppar seg dei to siste helgene før det endar på Fat Tuesday som i år er 16.februar. Under karnevalsperioden går det fleire parader med ulike lag/flåter (Krewes) som kler seg ut etter kvar sine tema gjennom dei største gatene i byen. Det blir kasta perlekjeder og andre souvenira frå flåtene til tilskuarane som står lags vegane. Eg veit eigentleg ikkje heilt kva eg skal forvente meg. Alle seier at det er kaos i byen, og at mange av dei lokale legg ferien sin nettopp til delar av Mardi Gras for å komme seg vekk frå galskapen... Det blir nok litt av ein opplevelse! Fargane som representerer Mardi Gras i New Orleans er gull, lilla og grøn. Kvar farge symbolierer noko, som eg ikkje huksar i farta. Ei kake som alltid vert servert under Mardi Gras må vi smake; King Cake. Reknar med at vi kjem til å sjå fullt med liknande dekorerte hus etter som vi nærmar oss høgtida for parader og festar under Mardi Gras. Håper for Erlend at han er tilbake frå Brasil slik han og kan få det med seg.



Vi avslutta dagen med å hente sykkelen min som var ferdig reparert med ny keie og bjelle, før vi stakk innom nokre butikkar og handla litt klede som vi "berre måtte ha". Her er bilde av meg etter vi henta sykkelen + "dagens fangst"; blomster til leilegheita, kjole, bluse, cardigan og t-skjorte til meg. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar