onsdag 20. januar 2010

Bamsemums og Ugly Dolls

Eg har fått dilla på Izze; fruktjuice med kolsyre. Den kjem i mange ulike smaka, favoritten er eple. Kanskje eg kan inkludere det som ein av 5 om dagen? :) Etter lunsj på kirka i dag, handla eg på Whole Foods, og det vart salat frå ferskvaredisken deira til middag. Til dessert så gjekk det med dei tre siste bamsemumsane. Sorry, Erlend! Klarte berre ikkje å motstå lengre. Kunne høyre bamsane rope navnet mitt frå kjøleskapet... Du må høyre om ikkje Silje og Kåre kan ta med ein pakke til deg. Fekk frykteleg lyst på kanelbollar med vaniljekrem i går. Kanskje Silje og Kåre kunne tatt med to pakkar med vaniljekrem (Tine) til oss også? :) Dei har ikkje vaniljekrem som smakar vanilje her borte, i følge husmor Lillian. Syntetisk vaniljekrem på boks - æsj!

På veg til butikken stoppa eg innom ein butikk eg har vore litt nyskjerrig på, for å titte litt. Dei hadde nokre kule bilete, og so kom eg over desse to; Sailor Babo og Ox (Pretty Ugly Dolls). Tenkte først å kjøpe dei for å ha liggande som gåver til smårollinga, men trur kanskje eg vil ha dei sjølv! Synest dei var so herlege... Men kanskje eg kan gi bort ei av dei til ein liten spesiell ein? :)
Har snakka so vidt med Erlend på mob for litt sidan. Han har det berre bra, med unntak av eit straumbrudd i går kveld som gjorde rommet han bodde på frykteleg varmt. Sytepave? ;) Han ringer i morgon. Kjem oppdatering på korleis reisande Mac har det då. I kveld er det fotballkamp, og vi kjem til å sakne Erlend. Fleire av karane som jobbar for Kongsberg er ute på oppdrag og, så vi har manko på folk. Men vi har heldigvis klart å samla ein gjeng på 8-12 personar likevel, so no blir det spanande å sjå om vi gjer det bedre enn det knepne 0-7 tapet sist onsdag... :)

2 kommentarer:

  1. hmmmmm.
    Har du hørt om hjemmelaget vaniljekrem?!?
    Med ekte vanilje fra vaniljestang?!
    Nam nam, og mye bedre enn Tine sin på boks!
    Og så er det så utrolig kjekt at du oppdaterer bloggen oftere! Har savnet det:)

    SvarSlett
  2. Heimelaga!? Går d an då? :) Må nesten høyre med husmor Lillian om ho he gløymt å ta d m i pensum på husmorsskulen vol.1, og om ho kanskje kan bistå... :) Skal prøve ver flittig med oppdateringa! E daglig innom bloggen din mæ, veldig koslig og inspirerande! Klem Linda

    SvarSlett