mandag 18. januar 2010

Ein herleg vårdag!

I dag har det vore nydeleg ver! Litt kaldt i lufta enno, men godt og varmt i sola. Starta dagen med ein tur i parken i lag med Lillian. Deretter var ho so snill og svippa meg og sykkelen min ned til ein sykkelreparatør i andre enden av byen. Sykkelreparatøren lurte litt på kvifor eg ikkje hadde komt inn med sykkelen før kjeia sleit i to (eg har vore lat), men no er det i alle fall gjort, og eg får hente den allereie i morgon. Skal ta bedre vare på den fine, kjære sykkelen min frå no av. Eg kjøpte meg ei ny sykkelbjelle; "I love my bike", for den gamle var rusta og fæl. Lillian fekk ei og, som takk for skyssen. Før vi for heim tok vi ein kaffi i ein park like ved. Fann ein bitte liten benk og kosa oss i sola. På vegen heim stakk eg innom Liselott. Ho og Anders er travelt opptatt med vasking og flytting. Dei har kjøpt seg eit flott hus ikkje langt frå oss, som dei tok over på fredag. Vi bar inn siste flyttelasset, og tok ein joggetur i nabolaget. Godt med mykje frisk luft og sol - ein fin dag, som enno ikkje er over. På bildet står ein glad huseigar i trappa. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar