torsdag 21. januar 2010

Oppdatering Reisande Mac

I dag har eg for det meste jobba og ordna litt i leilegheita. Men måtte ta nokre avbrekk for å nyte det flotte veret; 26 grader, sol og ein fin bris. Tok lunsj og ettermiddagskaffien (legg merke til Erlend si lekre Porsche-krus....:) på balkongen. Erlend ringte tidlegare i dag. Det gjenstår veldig mykje som må gjerast på båten han tek service på, så han blir nok i Brasil i ca ein månad. Eg kunne ønske han kunne komme heim tidlegare, men ikkje noko å gjere med det. Litt kjedelig at han går glipp av Mardi Gras her i New Orleans, men til gjengjeld så får han kanskje med seg karnevalet i Rio i staden. Ikkje dårleg det! I starten av april får vi besøk av Silje og Kåre og mot slutten kjem Kristin, Trond og Jo. Erlend vil ta seg nokre fridagar når dei kjem, slik vi får vere i lag alle saman - torsdag og fredag begge vekene med besøk. Vi gler oss (sjølv om det er litt lenge til enno)!

Då eg handla i går, kjøpte eg dette bladet. Her finn eg oversikt over alle paradane og all info eg ellers måtte trenge til Mardi Gras. Dei to siste helgane av Carneval står igjen, og det er då det meste skjer. "Throw me something, mister!"- skal ein skrike til paradane, og er ein heldig får ein perlekjeder og andre souvenirer kasta frå flåtene. Eit av laga (kalla Krewe), Zulu trur eg dei heiter, har måla kokosneter som kjenneteikn. Håper dei ikkje kastar dei... :)



2 kommentarer:

  1. Heia Linda!!
    Kor kjekt det va å lese om ka du styra med der borte! og sjølsagt kan øss ta med både vaniljekrem og bamsemums, kanskje salt lakris og?Berre fortell ka øss skal ta med:)
    26 gr og sol høyres berre heilt forlokkande ut, du må berre nyte det!! her skjer det ikkje so mykje, endeleg fredag igjen. Mamma, Jakob og ej reise til Molde i mørgå. Skal sjå "dansefårestillinga" som jentene sei, på søndag, skal danse Michael Jackson:) Kåre fær sej ei skihelg, so då e sikkert han nøgd. Alle e no heldigvis friske, Jakob lære sej nye ord heile tida. No sei han melk når han ser spenane på ei ku! ha ei fortreffelig helg Linda og hels bror so mykej når du snakka med han!! Klem frå Silje

    SvarSlett
  2. Hei Silje! Kjem nok ei lita liste over ting mj kunne tenke oss at dokke tek m. Du må helse so mykje t alle der heime. Sikkert fole stolte Julie og Elise so ska ha "dansefårestilling" ja, hehe ser dei for mj... :)God helg t dokke alle!!

    SvarSlett